Mange av oss, anten me er foreldre, naboar, vener eller kanskje me jobbar med barn og unge, kjem i løpet av livet opp i situasjonar der me ser eller høyrer noko som får oss til å kjenna ei uro for eit barn eller ein ungdom i nærmiljøet.
Kanskje har du registrert at barnet/ungdomen
- har utfordringar med lesing og skriving
- ser ikkje ut til å trivast på skulen eller i barnehagen
- har utfordringar med å etablere eller halde på vennskap
- viser motstand mot eller uro knytt til måltid og matsituasjonar
- har vanskar med å uttrykkje seg eller gjere seg forstått
- har eit einsidig eller lite variert kosthald
- kjem i konflikt med eller plagar andre barn
- meistrar ikkje alle ferdigheiter som ofte er venta på alderen (til dømes symjing, sykling eller påkleding)
- viser tydelege eller uventa endringar i åtferd, humør eller fungering
Eller kanskje du ser og opplever signal frå foreldra som gjer oss urolege for evna deira til å vera foreldre? Det kan vera at dei:
- i stor grad lar andre henta og levera i barnehagen
- ikkje overheld avtalar
- ofte luktar alkohol
- verkar likegyldige til eiga framtoning
- vert opplevde som særskilt usikre, irritable eller sårbare
Du er første steg mot ei løysing
Som du ser, kan signala som gjer oss urolege vera høgst ulike, vage, diffuse og vanskelege å tyda. Då er det lett å kjenna på eiga uvisse: Har eg observert rett? Kan eg risikera å laga «ei sak» ut av ein bagatell? Bør eg dela uroa mi med andre?
Svaret på det siste spørsmålet er eit rungande JA.
Som medmenneske skal me bry oss og ta tak i denne uroa, og dei av oss som er kommunalt tilsette pliktar å gjera det. Me skal ikkje avventa eller setja vår lit til at andre fangar opp dei same signala som oss. Kanskje er det berre nettopp du som ser barnet/ungdomen!
Gode hjelpemiddel
BTI-rettleiaren inneheld både ei oppskrift på korleis me skal gå fram for å avklara om det er grunnlag for uroa me kjenner, samt ei rekke konkrete verktøy. Både framgangsmåten og dei tilhøyrande verktøya er primært tiltenkt bruk i kommunale tenester, men også privatpersonar kan ha nytte av dei. Til dømes kan observasjonsskjema barn og unge , Signal hjå barn og unge på mogleg manglande trivsel , Skala for uro-barn/unge og Skala for uro-foreldre hjelpa deg med å setja ord på og definera uroa du opplever.
Barn som pårørande er barn som opplever belastningar knytt til sjukdom, skade, rusavhengigheit eller dødsfall hos foreldre, søsken eller andre nærståande. Også andre livshendingar, som samlivsbrot, vald i nære relasjonar, fattigdom eller fengsling av ein forelder, kan gjera barn til pårørande og påverka oppvekstmiljøet deira.
Å vera pårørande kan påverka barnet sin kvardag, trivsel, tryggleik og utvikling. Mange barn ber på bekymringar, ansvar eller opplevingar som kan vera vanskelege å handtera åleine. Korleis barnet vert påverka, vil variera ut frå situasjonen, varigheita og kva støtte barnet får frå omgjevnadene sine.
Barn som lever med belastningar over tid, har auka risiko for å utvikla psykiske, sosiale eller åtferdsmessige utfordringar. Belastningane kan til dømes kome til uttrykk gjennom uro, tristheit, konsentrasjonsvanskar, søvnproblem, utfordringar i relasjonar til andre eller endringar i fungering og trivsel. Risikoen aukar dersom barnet er utsett for fleire belastningar samtidig. Barn som pårørande er difor ei viktig gruppe å vera merksam på, slik at dei får nødvendig støtte og oppfølging så tidleg som mogleg.
Det er ikkje alltid like enkelt å vita om eins eige barn er pårørande. Alle er me ulike, og alle barn og familiar er unike. Desse tre spørsmåla kan kanskje hjelpa deg med å finna ut av om dine barn kan reknast som pårørande:
- Kva relasjon har barnet til den det gjeld? Gjeld det nær eller fjern familie? Har de mykje kontakt? Gjeld det nokon som betyr mykje for barnet?
- Korleis er barnet påverka av det som skjer? Har barnet sett eller opplevd noko? Vert dei vanlege rutinane endra? Har kvardagen endra seg?
- Kva belastningar er barnet utsett for? Har barnet opplevd noko du trur kan vera vanskeleg? Har barnet vist reaksjonar du trur handlar om å vera pårørande?
Dersom det er vanskeleg å svara på spørsmåla, kan det være nyttig å tenka på kva barnet sjølv ville svart. Nokre gonger får du først svar når du spør barnet.
Les meir om barn som pårørande på:
https://helsenorge.no/psykisk-helse/barn-og-unges-psykiske-helse/nar-barn-blir-parorende
http://www.parorendesenteret.no/tips-r%c3%a5d/barn-unge
