Betre Tverrfaglig Innsats er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester, medverknad og involvering av barn/unge og foreldre.
Handlingsrettleiaren ( BTI rettleiaren) er sjølve oppskrifta på korleis ein skal gå fram i konkrete tilfeller der me er bekymra for barn/ungdom/familiar. Rettleiaren skildrar strukturane og prosessane me skal nytta oss av i arbeidet med barn og unge, både innan for kvar enkelt teneste og mellom tenestene.
BTI gir tilsette eit felles system for samarbeid og oppfølging, slik at familiar får rett hjelp til rett tid.
BTI byggjer på:
Tidleg innsats handlar om å oppdage og handle på uro eller utfordringar så tidleg som mogleg, slik at barn, unge og familiar får rett støtte til rett tid. I BTI skal tidleg innsats bidra til å førebyggje at utfordringar veks seg større, gjennom tidleg samarbeid, dialog og målretta tiltak.
Samordna tenester handlar om at tenester og fagpersonar samarbeider og koordinerer innsatsen rundt barnet, den unge og familien. I BTI skal samordna tenester sikre ei heilskapleg oppfølging, med tydelege mål, avklarte ansvar og god informasjonsdeling innanfor gjeldande samtykke.
Medverknad og involvering av barn, unge og føresette
I BTI er barn, unge og føresette viktige samarbeidspartnarar. Barn og unge skal få informasjon, bli høyrde og få moglegheit til å medverke i saker som gjeld dei, ut frå alder og modnad.
Føresette skal som hovudregel involverast tidleg når det oppstår uro for eit barn eller ein ungdom. Målet er å finne gode løysingar saman og sikre at barnet får rett støtte til rett tid.
God involvering og samarbeid mellom barn, unge, føresette og tenestene er ein føresetnad for tidleg innsats og samordna hjelp. Når fleire er involverte, skal stafettloggen nyttast som eit felles verktøy for samarbeid, planlegging og oppfølging.
Fysisk og psykisk barnehage- og skulemiljø
Nokre gonger handlar uroa om korleis barnet eller eleven har det i barnehagen eller på skulen. Dette kan vere saker som gjeld det fysiske eller psykiske miljøet og som vert handtert etter § 42 i barnehagelova eller kapittel 12 i opplæringslova.
I slike saker har barnehagen eller skulen hovudansvaret for å undersøkje saka, setje inn tiltak og følgje opp barnet eller eleven. Andre tenester kan bidra med støtte og samarbeid, men kan ikkje overta ansvaret som ligg hos barnehagen eller skulen.
Relevant lovverk for å oppfylla forventingane som ligg i nasjonal fagleg retningslinje for tidlig oppdagelse av sårbare barn og unge:
Meldeplikta – regulert av barnevernslova 13-2:
Plikt til å melde fra til barnevernstjenesten
Enhver som utfører tjeneste eller arbeid for et forvaltningsorgan, skal uten hinder av taushetsplikt melde fra til barnevernstjenesten uten ugrunnet opphold i følgende tilfeller:
a. når det er grunn til å tro at et barn blir eller vil bli mishandlet, utsatt for alvorlige mangler ved den daglige omsorgen eller utsatt for annen alvorlig omsorgssvikt
b. når det er grunn til å tro at et barn har en livstruende eller annen alvorlig sykdom eller skade og ikke kommer til undersøkelse eller behandling
c. når det er grunn til å tro at et barn med nedsatt funksjonsevne eller et spesielt hjelpetrengende barn ikke får dekket sitt særlige behov for behandling eller opplæring
d. når et barn har vist alvorlige atferdsvansker ved å begå alvorlige eller gjentatte lovbrudd, ved problematisk bruk av rusmidler, eller ved å ha vist annen form for utpreget normløs atferd
e. når det er grunn til å tro at et barn blir eller vil bli utnyttet til menneskehandel.
Også yrkesutøvere som opptrer i medhold av helsepersonelloven, psykisk helsevernloven, helse- og omsorgstjenesteloven, familievernkontorloven og privatskolelova plikter å gi opplysninger etter denne bestemmelsen. Det samme gjelder meklere i ekteskapssaker og private som utfører oppgaver for staten, fylkeskommuner eller kommuner, og de som utfører slike oppgaver på vegne av organisasjoner.
Avvergingsplikta – regulert av straffelova § 196
- Gjeld både tilsette som jobbar med menneske og privatpersonar
- Lovpålagt plikt til å søkja å avverga visse former for vald og overgrep
- Avvergingsplikten gjeld handlingar mot både barn og vaksne
- Plikta vert utløyst i det ein får kunnskap om at handlinga vil skje eller trur det er sannsynleg at handlinga vil skje
- Ein kan avverga ved å varsla politi, barnevern eller på ein annan måte freista å hindra at handlinga skjer
- Nasjonalt kunnskapssenter for vold og traumatisk stress har denne nettsida om avvergingsplikta: https://plikt.no/
Teieplikt – regulert av forvaltingslova § 13:
Enhver som utfører tjeneste eller arbeid for et forvaltningsorgan, plikter å hindre at andre får adgang eller kjennskap til det han i forbindelse med tjenesten eller arbeidet får vite om:
1. noens personlige forhold […]
§ 13 a. (begrensninger i taushetsplikten når det ikke er behov for beskyttelse).
Taushetsplikt etter § 13 er ikke til hinder for:
1. at opplysninger gjøres kjent for dem som de direkte gjelder, eller for andre i den utstrekning de som har krav på taushet samtykker […]
Retten til trygt og godt barnehage- og skulemiljø
Opplæringslova kapittel 12 og barnehagelova kapittel 8 slår fast barn og unge sin rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø.
Nasjonal faglig retningslinje for tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge gjev føringar for arbeidet på nivå 0.
Rettleiar om samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier gjev føringar for arbeidet på nivå 1, 2 og 3.
Det overordna målet for kommunen sin førebyggjande innsats for barn og unge har sidan 2012 vore satsinga Betre tverrfagleg innsats (BTI).
Då vi i 2012 vart ein av i alt 8 pilotkommunar som ei satsing frå Helsedirektoratet, vart det gjort ei omfattande kartlegging av kompetansebehovet hjå dei tilsette. Det gjekk fram at dei tilsette meldte om eit stort behov for fagleg påfyll i høve:
– Kva gjer vi med det vi ser? Kven kontaktar vi?
– Samtalemetodikken i arbeidet. Korleis samtale med barn og foreldre?
– Juridiske element i arbeidet; teieplikt, opplysningsrett, opplysningsplikt og samtykke
– Tverrfagleg samarbeid, korleis gå fram og korleis jobbe?
– Bruk av logg for å systematisere arbeid
Kompetansebehovet som kom fram gjennom eigenrapportering i spørjeskjema, var stort. For å møte behova, vart det systematisk lagt til rette for opplæring og kurs på dei aktuelle områda. Rutinar vart justerte og laga der dei ikkje fanst. Eit særleg satsingsområdet hjå oss var at dei som jobbar tettast på barna og skal ha ein arena for å ta opp si bekymring, og dei skal få ei opplæring som gjer dei rusta til å handle.
BTI skal vidare vera implementert og institusjonalisert på tvers av tenestene.
BTI-modellen tek opp i seg forventingar som er knytt til kommunane gjennom barnevernsreforma. Arbeidet er politisk forankra seinast gjennom førebyggjande plan for Årdal kommune 2024 – 2028.
