-

Tenester

Helsestasjonen sitt mål er å:

  • Fremje psykisk og fysisk helse
  • Fremje gode sosiale og miljømessige forhold
  • Forebygge sjukdom og skade

Helsestasjonen tilbyr tenester til barn og unge mellom 0-20 år med foreldre og føresette. På helsetsasjonen møter du helsesjukepleiar og lege, som samarbeider tett med tannhelseteneste, fysioterapi, ergoterapi, barnehage, skule, barnevern, PPT, BUP og andre.

Tenesta er eit lågterskeltilbod, som vil seie at ein kan ta kontakt ved behov, enten via telefon eller kome innom.

Helsestasjon 0 – 5 år

Helsestasjonen føl nasjonalfaglege retningslinjer og tilbyr 14 faste konsultasjonar frå heimebesøk til 4 år. Helsestasjonen føl barnet si utvikling i høve vekst, motorikk, syn, høyrsel og språk. Andre aktuelle tema på konsultasjonane er mellom anna ernæring, søvn, samspel, tilknytning, vald, overgrep og foreldrefungering. Ved alle konsultasjonar vert det høve til å ta opp individuelle spørsmål. Lege tilviser til andre instansar ved behov.

Skulehelsetenesta
Skulehelsetenesta er eit tilbod for barn og ungdom mellom 5 og 20 år. Skulehelsetenesta skal bidra til god helse blant barn og ungdom, slik at dei opplever meistring, trivsel og struktur i skulekvardagen.
Hos helsesjukepleiar kan du spørje og snakke om det du lurer på. Du kan også ta kontakt dersom du har ein ven som treng hjelp. Skulehelsetenesta tilbyr:
• Skulestartundersøking (i 1. trinn på barneskulen)
• 3. klasse samtale
• 5. klasse samtale
• Undervisning i grupper og klassar om blant anna fysisk, psykisk og seksuell helse
• Helsesamtale i 8. trinn
• Veging og måling
• Syn og høyrsel på indikasjon
• Vaksinering
https://www.helsenorge.no/hjelpetilbud-i-kommunene/skolehelsetjenesten/

Helsestasjon for ungdom (HFU)

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis tilbod for deg mellom 12-20 år. Her kan du få hjelp og råd frå helsesjukepleiar, lege og evt. jordmor og psykolog. Dei som jobbar der har teieplikt.

Døme på emne som du kan ta opp:

  • Spørsmål om kroppen
  • Menstruasjonen
  • Forelsking og andre kjensler
  • Røyking, snus og anna rusrelatert
  • Graviditet
  • Seksualitet
  • Problem på skulen eller heime
  • Einsemd
  • Etevanskar
  • Psykiske vanskar
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt overgrep, vald/sjukdom i familien

Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:

  • Samtale
  • Graviditetstest
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Gratis kondomar
  • Testing av kjønnssjukdomar
  • Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet

PP-tenesta skal hjelpa barn, elevar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Formålet er at dei skal få eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. Eksempel på særskilde behov kan vera:

  • Språk- og talevanskar
  • Konsentrasjonsvanskar
  • Sosiale- og emosjonelle vanskar
  • Åtferdsvanskar
  • Syn- og høyrselsvanskar
  • Generelle lære- eller fagvanskar
  • Lese- og skrivevanskar
  • matematikkvanskar
  • Nonverbale lærevanskar

PP-tenesta kan gi foreldrerettleiing, og rettleiing til tilsette i barnehage og skule.

Barnevernet skal vera ein garanti for at alle barn og unge blir sikra omsorg, tryggleik og utviklingsmoglegheiter. Dei skal beskytte barn mot omsorgssvikt og motvirke at barn lir fysisk og psykisk overlast. Barnevernet sitt arbeid er ei blanding av støtte og kontroll. Det skal gi hjelp og støtte slik at heimen kan klare sitt oppdragaransvar, men dei har og plikt til å gripa inn dersom støtta ikkje nyttar.

Familievernkontoret gjev tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien. Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling.

Familievernkontora for Sunnfjord og Sogn har telefonnummer: 46 61 92 80

Krisesenteret tilbyr beskyttelse, tryggleik, råd og rettleiing til alle kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Du treng ikkje vere i ei akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren.

Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt. Vi kan blant anna tilby deg:

  • Eit menneske som lyttar til det du vil fortelje
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
  • Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine.
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar

Krisesenteret vil, i samarbeid med deg, vurdere kva som skal til for at du skal være trygg på senteret. Dersom krisesenteret ikkje kan beskytte deg godt nok, skal kommunen og politiet saman finne ein stad å bu for deg.

http://www.hvorlite.no/ er ei heimeside om vald i nære relasjonar og gir informasjon om kor lite du skal finne deg i.

Krisesenteret i Sogn og Fjordane ligg i Florø. Telefon: 57 74 36 00.

Tildelingskontoret har ansvar for kartlegging og tildeling av helse- og omsorgstenester for alle innbyggarane i kommunen. Barnets beste skal alltid vere i fokus. Dette gjeld ved tildeling av tenester til barn/ungdom, samt når det gjeld tenester til vaksne, der tenesta har innverknad på barn. Tildelingskontoret: 57 66 50 50.

Årdal kommune har jordmor i  50% stilling. Ho følgjer opp den gravide og partnar i svangerskapet. Jordmortenesta er knytt til helsestasjonen og er lokalisert på Årdal helsesenter, 2.etasje. Jordmor er til stades på kontoret mandag og fredag i partalsveker og onsdag, torsdag og fredag i oddetalsveker. Telefon 95070134.

Barne- og ungdomskontakt: Hanne Hestetun

Telefon: 90809080. Epost: hanne.hestetun@ardal.kommune.no

Barne- og ungdomskontakten har ansvar for målgruppa 0 – 19 år.

Målsettinga til tenesta er å:

  • Legge tilrette for gode og trygge oppvekstmiljø og setje i verk førebyggjande tiltak for å hindre psykisk uhelse hjå barn og unge.
  • Hjelpe barn, unge og familiar som har utfordringar eller som har psykiske vanskar eller lidingar
  • Støttesamtalar dei ein har fokus på strategiar for å handtere vanskelege tankar og følelsar
  • Cool- kids/chilled angstbehandlingskurs for aldersgruppa 6 – 19 år. Individ og gruppetilbod
  • Samarbeide tverrfagleg i kommunen og med spesialisthelsetenesta.

Barnefysioterapeut held til på Helsehuset – Jotunvegen 4 i Øvre Årdal.

Telefon: 99 22 48 39.

Epost: karianne.gudvangen@ardal.kommune.no

  • Barn som treng vurdering og/eller behandling etter til dømes brot, skade, smerteproblematikk og anna
  • Barn som treng undersøking og oppfølging av motorisk utvikling, ofte i samarbeid med helsestasjon og skulehelsetenesta.

Du treng ikkje henvising frå lege. Barn, foreldre /pårørande kan ta kontakt sjølve.