-

Risiko og beskyttelse

Risikofaktorar er forhold hos barnet eller i oppvekstmiljøet som kan auka sannsynet for at barnet utviklar psykiske, sosiale eller åtferdsmessige utfordringar.

Beskyttande faktorar er forhold hos barnet eller i oppvekstmiljøet som kan styrkja barnet si utvikling og redusere risikoen for slike utfordringar

Det er ikkje slik at risikofaktorar og beskyttande faktorar er motsette av kvarandre. Faktorane samverkar ofte med kvarandre. Opphopning av fleire risikofaktorar aukar faren for at personen utviklar vanskar. Beskyttande faktorar kan fungera som “skjold” mot konsekvensane av å vera i risikosona. Mange førebyggande tiltak vert utvikla nettopp med tanke på å styrkja dei beskyttande faktorane og redusera risikofaktorane. 

Dei er knytt til individuelle faktorar ved barnet/ungdomen, familie, vener, barnehage og skule, nærmiljø.

Rapporten “Det må ha jo ha vært min egen skyld” frå Voksne for barn handlar om ungdom i objektiv utanforskap, som vil seia å vera utanfor skule eller arbeidsliv, og ofte også isolerte og einsame. Undersøkinga viser at dei aller fleste av desse ungdomane har vakse opp under forhold som heng saman med risiko for utanforskap. Dette kan vera omsorgssvikt, vald, rusavhengigheit hos foreldre, psykisk eller somatisk sjukdom i nær familie, familiar i vedvarande låginntekt. Eit felles trekk var at desse ungdomane ikkje hadde nære vener, verken på skulen eller i fritida. Mange hadde helseutfordringar som angst, depresjon, eteforstyrringar eller nevroutviklingsforstyrringar som ADHD eller Aspergers.

Desse objektive risikofaktorane vart i liten grad fanga opp av vaksne. Til trass for at dei hadde vakse opp under forhold som statistisk sett aukar risikoen for problemutvikling, meinte 3 av 5 at dei sjølve var årsaken i utanforskapen og 9,5 av 10 meinte dei sjølve burde ha gjort noko meir for å påverka situasjonen sin.

Årdal kommune gjennomfører i regi av kompetansesenter rus i Bergen (KORUS Bergen), Ungdata- undersøkingar kvart tredje år. Undersøkinga kartleggje ulike sider av det å vere barn og ungdom. Både i 2021 og i 2024 vart undersøkinga gjennomført frå 5.klasse og til og med 3.klasse på Årdal vidaregåande skulen.

Ungdata for 2024 syner at dei fleste barn og unge i Årdal er fornøgde med både seg sjølv, foreldre og omgjevnaden. Ungdata – junior 2024 syner og at vi har fleire elevar som rapporterer om negative hendingar på nett, mindre søvn og meir bruk av smertestillande medikament enn snittet for Vestland og landssnittet.

Det er sentralt å sjå på dei faktorane som i kommunen medverkar til positive trendar og trygge og gode oppvekstvilkår. Desse skal vi byggje vidare på. I tillegg må ein sørgje for at det vert utvikla godeog nye tiltak på områder vi pr i dag treng å styrke og som vert skildra som utfordrande.

I arbeidet med barn og unge vert ofte omgrepa risikofaktorar og beskyttande faktorar brukt. Risiko- og beskyttande faktorar er meint som ei hjelp til å vurdere om barn står i fare for utvikling av ulike vanskar og kva faktorar som kan bidra til å dempe denne utviklinga.( Kvello, 2015).

Døme på desse i kartleggingane ovanfor er:

Beskyttande faktorar: trivsel på skulen, høg grad av deltaking i fritidsaktivitetar, lite bruk av cannabis, lite tilbod om cannabis, god familieøkonomi.

Risikofaktorar: ikkje nøgd med helsa si, lågare grunnskulepoeng ved avslutta 10.klasse, grad av opp- hoping i bruk av rusmiddel.